You're viewing this item in the new Europeana website. View this item in the original Europeana.

Mo kyrkje

Garden Mo i nedre del av Modalen fekk kyrkje på 1100- eller 1200-talet. Etter alt å døma dreidde det seg om ei stavkyrkje. Jordeboka Bergens kalvskinn, truleg skriven i 1350-åra, nemner kyrkje og prest her. Før svartedauden utgjorde Mo eit eige kyrkjesokn. Etter pesten sine herjingar vart heile Modalen liggjande øyde. Kor mykje som skuldast pestdødsfall, og kor mykje som kom av fråflytting, veit v…