You're viewing this item in the new Europeana website. View this item in the original Europeana.

Haramsfunnet - ei gullrik grav frå eldre jarnalder

Då gravemaskina starta arbeidet rett ved huset til Andreas K. Haram i august 1968, var det vel ingen som tenkte seg at nedsetjing av ein septiktank skulle gje det mest gullrike gravfunnet frå 300-talet i Nord-Europa. Det skulle nemleg vise seg at staden dei grov på inneheldt ei branngrav frå eldre jarnalder (500 f.Kr-570 e.Kr) med særs rike gravgåver.