You're viewing this item in the new Europeana website. View this item in the original Europeana.

Eg vil ha ein hund, voff, voff -eller hunden som stridbart skatteobjekt?

I åra 1945/1946 vart det innført hundeskatt i Sunndal kommune på femti kroner. Det var tronge tider etter krigen og mange innbyggarar var motstandarar av denne avgifta. Bønder nytta hund til sauesanking, revejakt og hund var ein naudsynt del av drifta på garden. Hunden heldt sauen borte frå innmarka og mange meinte at hunden var et bruksdyr som ikkje burde skattleggjast.